Vår politikk 2019 - 2023

Vår politikk

Aukra Arbeiderparti Valprogram 2019 - 2023

- Eit seriøst og anstendig arbeidsliv

- Kjerringsundet og infrastruktur  

- Helse, oppvekst  og Omsorg

- Raust og inkluderande lokalsamfunn

- Eit miljøvennleg samfunn

Eit seriøst og anstendig arbeidsliv

Arbeiderpartiet har lange tradisjonar for å kjempe for sterke fellesskap og eit likestilt arbeidsliv.Aukra Arbeiderparti vil ta vare og legge til rette for vidareutvikling av eksisterande arbeidsplassar, og bidra til å legge til rette for nye.Vi vil ha fokus på at arbeidsmiljøet i Aukra skal vere godt, og at vi skal vere ein arbeidsgjevar å vere stolt av. Dyktig leiing og god samhandling i eit trepartssamarbeid bidreg til det og er ein vesentleg faktor for auka arbeidsnærver og tryggleik i jobb. I denne perioden vil Aukra Arbeiderparti vektlegge kvalitet og nytenking i rekrutteringsarbeidet. Vi vil jobbe for ein heiltidskultur – og dermed mindre uønskt deltid. Vi skal ha eit sterkt engasjement for at hovudregelen skal vere fast tilsetting. Vi vil framleis jobbe for å ta grep mot sosial dumping. Aukra kommune har nulltoleranse for mobbing/trakassering. Vi støttar arbeidet for norske løns- og arbeidsvilkår for sjøfolk og andre aktuelle yrkesgrupper.

Kjerringsundet og infrastruktur  

Møreaksen vil knyte regionane i fylket samen til eit stort bu- og arbeidsmarknadsområde. Aukra Arbeiderparti vil framleis arbeide målretta og aktivt for at Møreaksen blir fullført, med bru over Kjerringsundet, snarast råd. Inntil fastlandssambandet blir realisert, arbeider Aukra Arbeiderparti for ei auke i ferjekapasiteten i sambandet Aukra – Hollingsholmen.  Aukra Arbeiderparti har eit høgt fokus på trafikktryggleik i heile kommunen. Vi ser at det er utfordringar med sikkerheita på fleire kryss, spesielt ned til Hollingsholmen og opp til skulen/fleirbrukshuset i Julsundet, samt til Berglia på Gossen. Aukra Arbeiderparti jobbar for at kommunen fortsetter dialogen med fylkeskommunen for å få til ei løysing for desse kryssa, og om naudsynt sette av midlar for å betre trafikksikkerheita her.  Eigedomsskatteinntektene gjer at vi har fått bygd ut mange gang- og sykkelstiar, dette er eit arbeid vi vil jobbe vidare med. Det er naturleg at ein samtidig legg ned fiber ved gravearbeid og ved nye byggefelt. Aukra Arbeiderparti vil jobbe kontinuerleg saman med dei etablerte nettverka for å få bevare eigedomsskatteinntektene til kommunen.  

Helse, oppvekst  og Omsorg

Aukra Arbeiderparti vil legge til rette for at eldre  med pleiebehov skal få bu lengst mogeleg i heimen sin, om det er deira ynskje. Aukra Arbeiderparti vil ha ein tilpassa og verdig omsorgsteneste, som tek vare på tryggleiken og omsorgsbehova i alle livets fasar.  Vi ynskjer å bidra til å snu ei samfunnsutvikling der stadig fleire kjenner seg einsame og utanfor. Noko ein kan gjere med å styrke arbeidet for psykisk helse, samt førebyggande rusomsorg.  Aukra Arbeiderparti arbeidar for fortsatt full barnehagedekning i kommunen, med fleksible barnehageopptak. Vi ynskjer og at det blir eit tilbod om foreldrerettleiing i barnehage og skule. Vi erglad for at det har blitt ein auke i lærarnorma i skulen og vi støttar arbeidet med etter- og vidareutdanning av lærarar. Aukra Arbeiderparti ser at det kan vere utfordrande økonomisk å ha born i både barnehage og SFO. Vi ynskjer difor vurdere syskenmoderasjon for desse familiane, på lik linje som når ein har fleire born i barnehagen.Aukra Arbeiderparti vil sikre eit robust fagmiljø i barnevernstenesta og eit godt førebyggjande barne – og ungdomsarbeid i kommunen. Aukra skal fortsatt vere ein MOT-kommune.

Raust og inkluderande lokalsamfunn

Aukra kommune har valt å halde fram som eiga kommune. Vi har folkevekst – og Aukra Arbeiderparti ynskjer å bidra til eit raust og inkluderande lokalsamfunn. Vi er glad for at Aukra kommune har støtteordningar for frivillige lag og organisasjonar.  Vi ynskjer framleis å bidra til rammevilkår for Aukra Sokn som gir moglegheit for god aktivitet. Kyrkja er ein del av arvesølvet vårt, som vi ynskjer å ivareta. Vi ynskjer og å legge til rette for større samarbeid mellom kyrkje og frivilligheit, spesielt i høve til barn og unge.Vi trur at kjennskap til kvarandre, skaper samhald, identitet og tilhøyrsle. Vi ynskjer at alle som bur her skal vere stolte av kommunen vår. For å få til dette treng vi å skape fleire møteplassar. For oss er det viktig at pengar ikkje skal styre kva ungdom og andre kan delta på. Vi vil bidra til at Ungdomsklubbane våre vert styrka. Frivilligsentralen er ein motor for fellesskap – og vi vil legge til rette for at alle i større grad får delta på desse aktivitetane. Vi har eit ynskje om å knyte øyane og fastlandet nærare saman. Aukra Arbeiderparti ser fram til vårt nye kulturhus med basseng. Vi ynskjer i tillegg å legge til rette for kafé i Julsundet, slik at folket også der har ein møtestad på dagtid.Vi vil ha fokus på at bustadbygging i større grad kan skje i heimbygda om infrastrukturen legg til rette for det.

Eit miljøvennleg samfunn

Forureining er ein av dei største truslane menneskeheita står ovanfor, der forureining er noko som truar dyrelivet både på land og til havs. Vi vil difor at Aukra kommune skal gå fram som eit godt eksempel med å redusere avfall, spesielt plastavfall.  Vi støttar arbeidet med å knytte opp kommunale bygg til energisentralen på Falkhytten som nyttar jordvarme. Dette er både miljøvennleg og økonomisk lønsamt. Aukra Arbeiderparti ynskjer å legge til rette for at ein kan ta miljøvennlege val i kvardagen, bl.a. vil vi undersøke moglegheita for at kraftleverandørar kan bygge ut straumnettet, for å få ei raskare lading av elbil heime og å få ladestasjon for elbilar i kommunen.  Aukra kommune har ein unik natur med fjell, fjord, myr, holmar og hav.  Vi vil forvalte dette på ein måte som gir både nolevande og framtidige generasjoner mulegheit til naturopplevingar, og ivareta  naturtypar og kulturlandskap.  Aukra Arbeiderparti vil arbeide for å forbetre og vedlikehalde dei mange turstiane vi har i kommunen.